Canciones de cobre / Koparsongar

EVENT INFORMATION

Av Kjartan Fløgstad og Per Arne Glorvigen

I Latin-Amerika har høgrevinden vore nordavinden, med stormkast ovanfrå, frå Den rike verda, USA. I dag bles kraftige politiske vindar frå alle kantar, nord og sør, aust og vest. Kontinetet er i opprør. Bolivia. Chile. Venezuela. Fattig mot rik. Urfolk mot byfolk. Evangeliske kristne. Oligarkar. Kokain. Folkerørsler og konstitusjonelle kupp.
Samtidig og til alle tider: Den kulturelle rikdommen spelar seg ut over heile kontinentet, innan litteratur, musikk, rytmar, song og musikk. Dette fargesprakande mangfaldet skal Canciones de cobre formidla noko av, i samspel mellom ord og tonar, i det nye opprørets tid.
Canciones dei cobre er ei konsertframsyning for bandoneon, messingkvintett og forteljar med ny musikk av Per Arne Glorvigen og nye tekstar av Kjartan Fløgstad.


Medverkande: NyNorsk Messingkvintett, Per Arne Glorvigen og Kjartan Fløgstad.